I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Stryn og bygdene rundt.
Vi har mikrofilmapparat og mikrofilm frå avisa Fjordingen tilbake til 1930 og Innfjordingen frå 1928-1929. Vi låner også inn mikrofilm frå Nasjonalbiblioteket dersom det er ønskje om andre aviser.
Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogeleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film. Her kan du søkje i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket har laga video som viser korleis ein kan orientere seg i avisene og bøkene deira, og lure teknikkar for å finne fram som slektsforskarar. Sjå videoen her.