Lokalhistorie

Lokalhistoriesamling i biblioteket

Biblioteket har eit eige lokalhistorisk rom. I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Stryn og bygdene rundt. På rommet kan ein også finne ca 600 av bildene til fotograf Jens Knutsen Maurseth, som vart donert til biblioteket i 1972 og 1975. Negativa til desse bileta vart i 1992 deponert hos fylkesarkivet og her kan ein også søkje i samlinga etter Maurseth. På det lokalhistoriske rom står også det som er att av boksamlinga som Kristian Berge donerte til biblioteket i 1965. I tillegg er det studieplassar og eit eige mikrofilmapparat. Vi har mikrofilm frå avisa Fjordingen tilbake til 1930 og Innfjordingen frå 1928-1929. Vi låner også inn mikrofilm frå Nasjonalbiblioteket dersom det er ønskje om andre aviser.

Najonalbiblioteket sitt nettbibliotek

Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogeleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film. Her kan du søkje i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket.Via nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan ein også søkje på kva som er digitalisert om ulike tema/personar/områder. Her finn ein bøker/hefter som har vore publisert om Stryn.

Nasjonalbiblioteket har laga video som viser korleis ein kan orientere seg i avisene og bøkene deira, og lure teknikkar for å finne fram som slektsforskarar. Sjå videoen her. Nasjonalbiblioteket har også laga ein digital slektshistorieverkstad. Sjå videoen her.

 

Aktuelle nettstadar

Arkivportalen – nasjonal søketeneste på tvers av arkivinstitusjonar sine katalogar
Arkivverket – Riksarkivet og statsarkiva
Digitalarkivet – inneheld folketellingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar mm.
Digitalt museum – dei kulturhistoriske musea si formidlingsløysing for foto, gjenstandar og kunst
Disnorge – landet si største foreining for slektshistorie
Forfattarar frå Sogn og Fjordane – nettstad med artiklar om fleire hundre forfattarar med tilknytning til Sogn og Fjordane.
Gravminner – finn slektningar etter år 1900.
Kulturminnesøk – finn informasjon om over 170 000 kulturminner og kulturmiljø
Kultursøk – felles søk til digitalisert skriftleg materiale frå heile landet
Lokalhistoriewiki – wiki med lokalhistoriske artiklar skrivne av frivillige
Lokalhistoriske artiklar –  bibliografisk database med registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane gjeve ut frå 1865 til i dag.
Sogn og Fjordane fylkesarkiv – kjelder til den lokale historia for fylket, bl.a. foto, fylkesatlas og kulturhistorisk leksikon