Laurdag 14. november kl. 12 inviterer biblioteket og Rom for ord til litterær lunsj med Olaug Nilssen og Laura Djupvik. I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva både for eigeverd og for tillit til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar. I romanen «Yt etter evne, få etter behov» (Nilssen) og novellesamlinga «No fær huset» (Djupvik) peikar forfattarane mot at nåden finst, i det gode vi strever mot å gjere for kvarandre. Gjennom samtale og lesing reflekterer dei over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les og den som skriv. Samtalen vert leia av tidlegare programansvarleg ved Nynorsk kultursentrum, Janne Karin Støylen.

Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål verkar til å kverne mellom linjene i Olaug Nilssen sin heilt ferske roman «Yt etter evne, få etter behov».Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupvik si siste novellesamling, heller. «No fær huset» samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.

«Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd.

Arrangementet er gratis, men det er førehandspåmelding og avgrensa plassar. Påmelding til: postmottak.bib@stryn.kommune.no evt. tlf. 57 87 48 80.