- Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Stryn bibliotek.
- Som lånar blir du registrert og får lånekort. Lånar må melde frå ved adresseendring.
- Barn under ungdomskulealder må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.
- Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste.
- Bøker, filmar mm. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.
- Utlånt materiale som ikkje er levert tilbake vert purra etter forfall. Lånar må betale gebyr for purringa. Barn under 16 år betalar ikkje for første purring.
- Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagd eller bortkome materiale må erstattast.
- Dersom lånar ikkje held dei fastsette utlånsreglane, kan lånar miste retten til å låne for ei tid.
Lånetid:
Bøker, lydbøker og digikort: 4 veker
Tidsskrift, musikk, tv-seriar og dataspel: 2 veker
Film: 1 veke
Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom til biblioteket eller logg deg inn på katalogen vår på nett.
Gebyr:
- varsel: kr 20,-
- varsel: kr 30,-
- varsel: erstatningskrav
Purringane blir lagt saman og må betalast sjølv om materialet blir levert seinare. Purregebyr kan betalast kontant på biblioteket.
Erstatningssatsar:
Bøker for vaksne: 350 kr
Bøker for barn: 200 kr
Lydbøker, digikort: 350 kr
Dataspel, film og musikk: 200 kr
Fjernlån: Eigarbiblioteket sin erstatningssats.
I tillegg kjem gebyr kr 50,- ved erstatningskrav.
Bibliotekpersonalet vurderer andre satsar ved særskilde høve.