Meirope bibliotek

Korleis?

Skriv under på kontrakten og lever den til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode. Kontrakt for tilgang til meirope bibliotek

Kven?

Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar som er 15 år eller eldre. Dersom du er under 18 år, må ein føresett skriva under på kontrakten.
Born kan nytte tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen som har tilgang. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp kan du kome i den betente opningstida.

Vårt felles bibliotek

Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør derfor passe godt på det og halde ro og orden!
Tilgang og bruk
• Før du kan nytte tilbodet må du signere ei kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
• Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
• Born kan bruke tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket.
• Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
• Du kjem inn på biblioteket ved å registrere lånekortet i kortlesaren ved inngangsdøra, samt taste pin-koden.
• Når du loggar deg inn i det meiropne biblioteket vil det bli registrert at du er der. Biblioteklokale er videoovervaka for at du skal føle deg trygg, og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.
• Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje, ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.

Servicetilbod

Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestane på ein forsvarleg måte.
Merk: Du kan ta utskrift direkte frå datamaskinene. Kopiering og scanning kan gjerast på multiskrivaren. Ved scanning må ein ha med eigen minnebrikke. Det kostar pengar å ta utskrift og kopi. Prisane står ved datamaskinene. Ønskjer du ein kopp kaffi/kakao medan du er på biblioteket er der ei kaffemaskin. Kr. 10 per kopp. Betaling for kopi/utskrift/kaffi skjer med Vipps til Stryn kommune #522906 (vel Biblioteket og finn rette summen). Blir desse tenestene misbrukt vil vi ikkje lenger tilby dei i meiropen tid.
Merk: All form for lån av materiale må gjerast på automaten! Fjernlånsbøker (bøker som er innlånt frå andre bibliotek) kan som regel ikkje lånast ut på automaten og er difor utlånt på førehand og kan hentast i området ved automaten. Sjekk at reservasjonsnummeret stemmer med det som står på meldinga du fek. All innlevering av materiale skal settast på tralla som står ved sida av utlånsautomaten. Er den full kan ein legge det på skranken.
Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kom tilbake i den betente opningstida, så vil personalet hjelpe deg. Send evt. ein e-post til biblioteket eller ring til oss, så kan vi registrere det du har lånt på deg.

Korleis bruke automaten

1. Vel teneste «Låne» og trykk på symbolet.
2. Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at kortet blir scanna på den raude lysstripa
3. Legg materialet på bordet. Pass på at strekkoden på materialet er opp slik at den raude lysstripa treff den. Du kan berre scanne ein ting om gangen.
4. Skal du levere inn bøker kan du trykke på «Levere inn». Då treng du ikkje bruke lånekortet, men du må passe på at alle bøkene blir levert.
5. Ønskjer du kvittering kan du få det på e-post. Då må e-posten din vere registrert hos biblioteket.
6. Ønskjer du å sjå kva lån og reserveringar du har kan du trykke på «Mine lån». Då må du bruke lånekortet.

Digitalt lånekort

Du kan bruke eit fysisk lånekort eller digitalt lånekort for å låse deg inn på biblioteket og for å låne bøker på utlånsautomaten. For å gå tilgang til det digitale lånekortet ditt kan du følgje denne oppskrifta:
1. Logg inn på «Meg & mitt» med lånekortnummer/e-postadresse og pinkode. Merk: Dette må du gjere via mobil.
2. Du finn då lånekortet nedst på sida. Tips: Ta eit skjermbilete av lånekortet og lagre det på mobilen, så slepp du å gjere same prosessen kvar gong du skal bruke det.

Koronareglar

Det er viktig at dei som brukar det meirope biblioteket tek god omsyn til smittevernreglane på same måte som ved betent bibliotek. Det er plassert antibacflasker fleire stadar i lokalet, bl.a ved inngang, aviskrok og datamaskiner. Det er også plassert ut antibacserviettar til bruk ved utlånsautomat, datamaskiner og multifunksjonsskrivar. Hald elles god avstand til andre i lokalet. Ved smitteutbrot i kommunen kan det meirope biblioteket bli stengt.