Denne sida håpar vi kan vere til hjelp i den første fasen når det gjeld fordjupingsoppgåva. Når du skal plukke ut emne, lage problemstilling og avklare rammene. Dette er ein idebank for deg som ikkje veit heilt kva emne du skal velje, og kva bøker du vil ha.
I fordjupingsoppgåva kan du skrive om mykje forskjellig. På denne sida vil vi i første omgang konsentrere oss om dei litterære emna. I tillegg til dette kan du skrive om: språk, samansett tekst, sjangrar, periodar. Etterkvart vil vi legge ut informasjon om desse emna også.
Litterære emner:
Det finst mange ulike litterære emne å velje mellom når ein skal skrive fordjupingsoppgåve. Nokon er meir populære enn andre og nedanfor er det lista opp ein del emne som mange ofte synest kan vere interessante å skrive om, men tilhøyrande litteraturforslag.
Erotiske romanar, forbodne romanar, tabubøker
Dystopi, fantasy og science fiction