Informasjonskompetanse

Informasjonskompetanse er kort sagt å kunne søkje etter, vurdere og bruke kjelder rett.

Søkje etter kjelder

Når du skal byrje å jobbe med ei oppgåve er det viktig å starte med å få ei oversikt over emnet og kva som er informasjonsbehovet ditt. Då finn du ut kva du allereie kan og kva du treng å finne ut av. Få også ei oversikt over kva kjelder du bør bruke og kor du kan finne desse kjeldene.

Vurder kjeldene

Det er viktig å vere kritisk til dei kjeldene du skal bruke. Dei skal høve til det du skal skrive om og dei skal vere til å stole på. Ein opererar ofte med fem vurderingskriterium når ein skal drive med kjeldekritikk. Dette er: Autoritet, truverd, objektivitet, aktualitet og dekning/målgruppe.

Bruk kjeldene

Den informasjonen du har funne skal du gjere om til din eigen kunnskap i oppgåva di. Du skal komme med eigne meiningar basert på det du har funne ut og du skal presentere informasjonen på ein slik måte at det ikkje blir juks. Difor er det viktig å informere om kor du har funne informasjonen i kjeldehenvisningar både i tekst og i ei eiga kjeldeliste bakerst i oppgåva.

 

Øveoppgåve kjeldekritikk:

De skal finne informasjon om Martin Luther King jr. Til ei skuleoppgåve. Bruk desse tre nettsidene og vurder dei kjeldekritisk i høve til:

  1. Autoritet
  2. Truverd
  3. Objektivitet
  4. Aktualitet

https://www.martinlutherking.org/

http://www.bbc.co.uk/timelines/z86tn39

https://www.biography.com/people/martin-luther-king-jr-9365086