Bruk kjeldene

Den informasjonen du har funne skal du gjere om til din eigen kunnskap i oppgåva di. Du skal komme med eigne meiningar basert på det du har funne ut og du skal presentere informasjonen på ein slik måte at det ikkje blir juks. Difor er det viktig å informere om kor du har funne informasjonen i kjeldehenvisningar både i tekst og i ei eiga kjeldeliste bakerst i oppgåva.

Når du skriv ei oppgåve blir det forventa at du brukar kjelder. Men dersom du brukar kjelder og ikkje gjev opp kor du har henta dei ifrå blir det rekna som å plagiere, altså bruke andre sitt arbeid og gje det ut som ditt eige. Dette er juks og kan medføre at ein stryk på oppgåva.

Det er ikkje lov å skrive av frå bøker, hente noko frå nettet eller andre stadar, utan å skrive kor ein finn det.

Du skal gje opp kjelder når du:

Siterer – altså ei ordrett gjengiving av det nokon andre har skrive. Dette skal skrivast i hermeteikn og dersom sitatet er over tre linjer skal det markerast med innrykk i teksten og med eige avsnitt (men då utan hermeteikn).

Døme:

Eitt eksempel er Clarissa som ikkje ser på seg sjølv som likestilt i ekteskapet, noko som kjem tydeleg fram i denne indre monologen: «Hun hadde den underligste fornemmelse av at hun selv var usynlig, usett, ukjent (…), og dette var da Mrs. Dalloway; ikke engang Clarissa lenger; dette var Mrs. Richard Dalloway.»(Woolf 2003, s.13).

 

Indirekte siterer. Her omformulerer du den direkte teksten og gjev den att med dine eigne ord. Men du skal framleis gje opp kjelda fordi det er nokon andre sitt arbeid.

Døme:

Det at Virginia Woolf brukar indre monolog så mykje i Mrs. Dalloway er eitt av dei fremste eksempla på at dette er ein typisk modernistisk roman. Samtidig skil Virginia Woolf seg frå andre kjende forfattarar som brukar indre monolog ved at den indre stemma vekslar frå person til person (Ridderstrøm 2015a, s. 5)

Kva informasjon skal du ha med?

Dette blir basert på APA-stilen som er ein av dei mest vanlege referansestilane. Når du bruker APA-stilen er det paranteser i teksten som blir brukt. Andre stiler kan nytte seg av fotnotar eller sluttnotar. Det er uansett mykje same opplysningane som blir tatt med anten det er parantesar i sjølve teksten eller notar.

I teksten:

Når du siterer i teksten, anten direkte eller indirekte, må du ta med årstal/dato og som oftast forfattar. Dersom det er ei trykt kjelde må du også ta med sidetal. Dersom det er naturleg å nemne forfattar i teksten så held det å gje opp årstal og sidetal.

I kjeldelista:

Bakerst i oppgåva skal ein ha med ei fullstendig liste over dei kjeldene ein har brukt. Dette kan vere bøker, nettsider og andre kjelder. Alt etter kva type kjelde ein har brukt skal ein sette det opp på ein spesiell måte. Sidan det er så mange ulike måtar vil eg berre ta med dei mest vanlege her og vise til denne nettsida for ein god oversikt over oppsett på dei andre kjeldene: http://www.hioa.no/LSB/Kildehenvisning-APA-etc./APA-stilen

HUGS! Opplysningane skal stå i den rekkjefølgja som det er sett opp og kjeldene skal stå i alfabetisk rekkjefølgje i kjeldelista.


Bok:
Forfattar. (År). Tittel. Stad : Forlag

Nettside:Forfattar. (År). Tittel. Henta «dato» frå URL

Nettleksikon:Artikkeltittel. (År). Namn på oppslagsverket. Henta «dato» frå URL

Leksikonartikkel: Artikkeltittel. (År). Leksikonet sitt namn. Stad : Forlag

Artikkel frå nettavis: Forfattar. (Dato). Artikkeltittel. Avistittel. Henta frå URL


Kjelder:

Høgskolen i Oslo og Akershus 2016. APA-stilen. Henta 23.11.2017 frå http://www.hioa.no/LSB/Kildehenvisning-APA-etc./APA-stilen

Bjørkelangen videregående skole, Biblioteket (2015). Informasjonskompetanse. Henta 23.11.207 frå: http://www.bjorkelangen.vgs.no/for-elever/elevtjenester/bibliotek/soke-etter-vurdere-og-bruke-kilder/