Søkje etter kjelder

Kva er informasjonsbehovet ditt? Få oversikt over emnet!

Kva kan du frå før og kva treng du å finne ut av? Kva kjelder bør du bruke? Korleis gjere søkinga mest mogeleg effektiv?

  • Slå opp i eigne lærebøker, bruk innhaldsliste, stikkordsliste og kjeldelista/litteraturliste bakerst i boka
  • Tankekart/idemyldring –> skriv ned relevante søkjeord
  • Ordbøker, leksikon (snl.no) (finne definisjonar og korte forklaringar)
  • Søk på nettet
  • Bruk alltid fleire kjelder!

 

Kjelder ein kan bruke

    • Bøker  Bruk bøker når du skal finne mykje informasjon om eit emne, ein person eller ei hending. Hugs at gode fagbøker går i djupna og gjev stor breidde. Eit tips for å finne fleire kjelder er å bruke kjeldelista bakerst i boka. Bruk biblioteket og hugs at vi kan bestille inn bøker frå andre bibliotek.
    • Referanseverk som leksikon og andre oppslagsverk er fine for å finne definisjonar eller korte tekstar om mange ulike emne. Ein kan finne fakta og omgrepsforklaringar. Dei har også kjeldeliste som gjer at ein kan leite vidare. Prøv t.d. snl.no som er oppdatert dagleg.
    • Aviser. I aviser kan du finne informasjon om dagsaktuelle hendingar. Du kan også finne kronikkar, kommentarar og anna stoff som går i djupna på eit emne. Ved å bruke databasar som retriever eller atekst kan du finne stoff frå avisene langt tilbake. På skulen er det ikkje tilgang til retriever eller atekst, men ein del større aviser har databasar å søkje i (mot betaling) eller ein kan be om mikrofilmar. Biblioteket abonnerer på Pressreader der ein kan lese over 6000 aviser eller tidsskrift frå over 60 land.
    • Tidsskrift (tidsskrift er nyttige for å halde seg oppdatert innan ulike fagområder som t.d. historie, musikk, litteratur med mer)
    • Offentleg informasjon. Dette er informasjon som blir gjeve ut av staten, fylkeskommunen eller kommunar. Dette er gratis og tilgjengeleg for alle. Det kan vere saksutgreiingar, vedtak, dokument frå departement mm.
    • Bilder, film, skjønnlitteratur. I særemne blir desse kjeldene mykje brukt, men også i andre faglege oppgåver kan dette vere fine kjelder å bruke. Bilder, film og skjønnlitteratur fortel mykje om den tida det vart skapt i og om dei som stod bak.
    • Muntlege kjelder. Dette er gode kjelder å bruke for å få førsthandsberetningar om noko som har skjedd. Men ein må vere merksame på at folk kan hugse feil og tenke over korleis ein spør spørsmål.

Søking på nettet

Dei fleste av oss brukar berre ein liten del av dei ressursane som finst på nettet. Vi brukar søkjemotorar som google for å finne informasjon raskt. Men i ein del tilfelle kan det vere nyttig å vite at det finst fleire mogelegheiter enn dei vi brukar til vanleg, spesielt gjeld dette når ein skal skrive ulike typar studieoppgåver. Store deler av nettet er usynleg for søkjemotorane, og dette blir difor kalla det usynlege nettet. Det er forskjellige grunnar til at søkjemotorane ikkje finn denne informasjonen. Under lister eg opp ein del av grunnane:

  • Kvar søkjemotor søkjer berre gjennom sine indekserte sider. Kvar søkjemotor søkjer berre på si interne informasjonsverd, på ein måte sin eigen database. Kvar søkjemotor kan altså berre søkje gjennom sin avgrensa del av webben, og for å komme med der må sida vere indeksert. Dette blir den gjennom at såkalla «edderkoppar» finn sidene og legg dei til i indeksen. Søkjemotoren må så ta ein del tekniske avgjersler som kva format den skal ha på indeksen, kor mykje informasjon den skal hente frå ei side, og kor ofte edderkoppen skal besøke kvar side.
  • Mykje ligg i databasar som søkjemotoren ikkje har tilgang til (t.d. bak betalingsmurar, bak sider med passord, sosiale medier etc). Dette kan t.d. vere databasar som mediearkiv. Dette betyr at når ein skal søkje i gamle avisartiklar så må ein betale for tenesten (t.d. retriever). I tillegg kan det vere slik at det ikkje er nokre lenkar inn til databasane. Også bibliotekkatalogar er eksempel på informasjon som ligg i eigne databasar. Andre eksempel er tenester som nav sine jobbannonser. Der må ein søkje via nav sine eigne sider. Telefonnummer må ein stort sett søkje gjennom eigne telefonkatalogar på nett og ikkje via opne søkjemotorar. Dersom ein skal ut og reise må ein ofte søkje via eigne reiseplanleggarar, og ein må sjekke tilgjengelegheit og kjøpe billettar via leverandøren sine eigne søkjeportalar. Også mykje anna informasjon som endrar seg heile tida, som sal av ting i nettbutikkar, må ein søkje via eigne databasar til butikken. Det ligg ute ein del ordlister på nett, men for å nå innhaldet i desse må ein søkje i ordlistene og ikkje i søkjemotorane.
  • Posisjonering spelar ei rolle for søkjeresultata –> mange kjøper seg plass på toppen av søkjelistene. Dette kan føre til at dei beste resultata for søkjaren kan komme så langt bak at den som søkjar går glipp av dei.
  • Søket er knytt opp til preferansane til brukaren. Noko informasjon kan ikkje bli tilgjengeleg for brukarar på grunn av filter eller personalisering, som det at søket er knytt opp til preferansane til brukaren. Google og andre søkemotorar lagrar informasjonen din. Det vil seie at ditt googlesøk ser annleis ut enn mitt.

Tips for søking på nettet:

Det er fleire ulike søkjestrategiar ein kan bruke for å søkje etter informasjon på det usynlege nettet. Jonas Fransson har tatt føre seg fleire av dei i si Handbok i konsten att söka information (2010). Noko han peiker på er at ein må vere merksam på å bruke søkjeord som peikar mot det usynlege materialet. Ein kan til dømes bruke emneord saman med ord som «database» eller «arkiv». Då vil ein kunne lokalisere databasar. Ein anna søkjestrategi er å avgrense søket til ein spesiell filtype. Ein kan også prøve å søkje indirekte, blant anna ved å finne ei side som lenkar til den sida du skal finne informasjonen på gjennom tostegssøking. Dersom ein har finne ein god database på det usynlege nettet kan ein også bruke denne databasen til å søkje opp sider som lenker til denne databasen, og sjansen er då stor for at dei også lenker til andre databasar på det usynlege nettet. Ein anna søkjestrategi er å bruke søkjeverktøyet på store, anerkjente heimesider som SN, Verdsbanken mm. Ein kan også følgje med på forum og e-postlister. Det finst også eigne spesialiserte søkjemotorar og søkjebasar til for eksempel reiseplanleggarar. Gode tips er også å tenkje på søkjeorda ein brukar og avgrense seg på kor mange søkjeord og kva filtype ein søkjer etter (Fransson, 2010).

Tips:

  • Bruk fleire søkjeord
  • Lite treff: Prøv synonym. Skriv «OR» mellom søkjorda, t.d. lyrikk OR poesi
  • Mange treff: snevre inn søkjet
  • Google på ei bestemt nettside ved «site:» t.d.: site: dagbladet.no hjorth fri vilje
  • Sett inn ein * for å markere ord du ikkje hugsar i eit namn eller ein frase, t.d. «Gro * Brundtland»
  • Er det eit ord du ikkje vil ha med kan ein sette – foran ordet, t.d. søk på «planet venus» finn ein sider om planeten venus, men dersom ein er ute etter venus i andre samanhengar set ein «venus -planet»
  • Bruk google sine innstillingar og verktøy for å få eit meir presist resultat.
  • Bruk «intitle:» føre søkjeordet for å finne nettsider der søkjeordet inngår i tittelen eller «inurl:» for å finne nettsider der søkeordet inngår i url’en. Eks: intitle:demokrati
  • Skriv «filtype:» før søkeordet viss du er på jakt etter ein bestemt filtype. Eks:filtype:ppt global oppvarming
  • Skriv «define:» før søkjeordet viss du vil ha en definisjon av ordet (virkar berre på engelsk).
  • OG: Bruk ctrl+ f når du skal søkje i ei side på nettet.

Kjelder:

Bjørkelangen videregående skole, Biblioteket (2015). Informasjonskompetanse. Henta 23.11.207 frå: http://www.bjorkelangen.vgs.no/for-elever/elevtjenester/bibliotek/soke-etter-vurdere-og-bruke-kilder/

Fransson, J. (2010). Effektivare informationssökning på webben: Handbok i konsten att söka information . Ronneby: Hexaförlag. Henta frå http://www.jonasfransson.com/innehallsforteckning/

Frost, T. og T. Solstad, personleg kommunikasjon, 4. april 2016.