Vurder kjeldene

Ver kritisk til kjeldene! Dei skal høve til det du skal skrive om og dei skal vere til å stole på.

Kjeldekritikk

Viktig del av informasjonskompetansen.

Vurderingskriterium:

  • Autoritet
  • Truverd
  • Objektivitet
  • Aktualitet
  • Dekning/målgruppe

Ulike typar kjelder:

  • Bøker
  • Tidsskrift
  • Avis
  • Nettsider
  • Blogg
  • Wiki
  • Sosiale medium

 

Autoritet

Kven står bak?

Forfattaren sine kvalifikasjonar

Forlaget/utgivar sitt rykte

Problem vi kan støyte på:

autoritet er ikkje det same som popularitet

anonymitet og ulik identitet

 

Truverd

Er kjelda feilfri?

Er kjelda i fullstendig/original form

Kan ein ha grunn til å tru at kjelda inneheld falske opplysningar?

Kjeldehenvisningar?

 

Objektivitet

Er kjelda upåverka?

Kva er intensjonen med dokumentet? (alle har ei årsak til at dei formidlar t.d. selje ein ide eller eit produkt, interesseorganisasjon, forsking…. Ein kan aldri vere heilt objektiv, enklare å vurdere objektivitet når ein kjenner til avsendar og deira bakgrunn)

 

Aktualitet

Når er kjelda skriven?

Er kjelda oppdatert?

Kor lang tid går det frå hendinga skjer til dokumentet/boka er skriven?

Dekning og målgruppe

Kva emne blir dekka? (høver det til det eg treng informasjon om?)

Kven er det berekna på? (studentar, barn, forskarar, «vanlege folk»)

Kjelder:

Frost, T. og T. Solstad, personleg kommunikasjon, 4. april 2016.