Bestill og hent!

Dei som ønskjer ein ferdig påskepose til påskeferien kan sende ein e-post eller ringe til biblioteket. E-postadressa til biblioteket er postmottak.bib@stryn.kommune.no og tlf.nr er 57874880 evt. 57874882.

I bestillinga kan du skrive kor mange bøker du ønskjer, og om det er til ein eller heile familien. Dersom det er til barn er det fint om ein kan gje opp alder. Er det spesielle bøker eller tema ein ønskjer så skriv gjerne det.

Til barn legg vi også med eit eige påskeaktivitetshefte og materiale til å lage eigen påskepynt heime sidan vi ikkje kan ha noko påskeverkstad på biblioteket i år.