På fredag skal 64 elevar ved 8. trinn på Stryn ungdomsskule få møte forfattar Peder Samdal på Dagsturhytta i Stryn.

Peder Samdal er samfunnsengasjert sakprosaforfattar og svært interessert i fotball. Gjennom forteljingar frå fotballen si verd freistar han å forklare og forstå kva som skjer i Europa og verda. Samdal har skrive bøkene «Mario Balotelli forklarer Europa» (2015, Energica forlag) og «Fotball uten grenser» (2018, Cappelen Damm).

Med utgangspunkt i bøkene til Samdal får elevane bli kjende med fotballprofilar og den kompliserte verda dei verkar i kvar dag. Elevane får utvida eigne førestillingar om verda og øving i å vurdere og gjere seg opp eigne meiningar og refleksjonar om samfunnet dei lev i.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Stryn bibliotek.