Fråsegn om personvern

Stryn bibliotek handsamar dine personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven og gjeldande lovgivning. Med personopplysningar meinar vi opplysningar knytt til deg som enkeltperson.

Korleis lagrar vi personopplysningar og kva personopplysningar lagrar vi?

Biblioteket lagrar og oppbevarar ei rekkje med personopplysningar for å kunne administrere utlån av bøker og andre medier til deg. Vi tek berre vare på personopplysningar som du frivillig gjev til oss. Når du registrerar deg som lånar, og får utdelt lånekort, vil vi samle inn og lagre fornamn, etternamn, kjønn, kontaktinformasjon (adresse, e-post og telefonnummer), strekkorde på lånekortet, fødselsdato og fødselsnummer/ID-nummer (frivillig)

Utveksling av personopplysningar

Dersom du har nasjonalt lånekort blir det utveksla personopplysningar med Nasjonalt låneregister – ein database som gjer det mogeleg å nytte same lånekort i mange forskjellige bibliotek i Noreg. Registrering av fødselsnummer/ID-nummer er eit krav for å få nasjonalt lånekort. Det blir ikkje utveksla personopplysningar med andre aktørar.

Lånehistorikk

Når du leverar inn det lånte materialet vil koblinga til deg som lånar forsvinne etter 14 dagar. Etter det blir ingen lånehistorikk lagra. Unntaket er dersom det er sendt purring på materialet du har lånt. Då vil lånehistorikken på det materialet ligge til purringa er betalt. Dersom du som lånar ønskjer det vil vi kunne lagre lånehistorikken. Då må du aktivt seie ifrå at det er noko som er ønska. I desse tilfella vil det komme ein automatisk beskjed i skranken om at du har lånt det aktuelle materialet tidlegare. Du kan når som helst trekke samtykke om lagring av lånemateriale tilbake og krevje at lånehistorikken slettast.

Innsyn og sletting av personopplysningar

Ved pålogging i «Meg & Mitt» – via biblioteket sin nettkatalog – får du innsyn i nesten all informasjon som biblioteket har lagra om deg. Dersom du ønskjer utvida innsyn, retting eller sletting av opplysningar må du kontakte biblioteket. Du kan når som helst avslutte kontoen din ved Stryn bibliotek. Ta då kontakt med biblioteket. Dersom du har uteståande lån må dei leverast inn før du avsluttar kontoen din. Stryn bibliotek er behandlingsansvarleg og har ein skriftleg databehandlar-avtale med leverandøren av biblioteksystemet. Bibliotekenes IT-senter AS (databehandlar) – link til personvernerklæring.