Biblioteket tilbyr gratis tilgang til tusenvis av blad og magasin på nett. Få tilgang til aviser som Aftenposten, Bergens Tidende, Dagsavisen, Dagbladet og magasin innan mange ulike interessefelter. Pressreader tilbyr over 7000 magasin og aviser på over 60 språk! 

Korleis få tilgang til pressreader frå biblioteket?


Frå nettsida strynbibliotek.no: Klikk på Logg inn på mine sider” . Då kjem du til databasen til biblioteket (websøket). Det er viktig at det er nettversjonen du går inn på. Logg inn med lånenummer og pinkode (fire siffer).

Deretter dukker det opp eit nytt menyval nedst til venstre.
Klikk på pressreader. Då opnar denne seg i ei ny fane.
Legg merke til den grøne tekoppen som dukkar opp etterkvart, den betyr at du har tilgang via biblioteka i Vestland.

No kan du velje blant tusenvis av aviser og tidsskrift, på mange ulike språk, blant anna Aftenposten, BT, Dagbladet, Dagsavisen, Aftenposten junior. Merk aktuelle avis og blad som favoritt ved å klikke på hjertet, så finn du raskare fram til dei neste gong.

Last gjerne ned appen PressReader til telefon eller nettbrett.

Vi anbefaler å klikke på «Sign in» for å registrere deg i PressReader (create an account). Dette er gratis, og du kan registrere deg anten med Email, Facebook, Google eller Twitter.  Når du loggar på får du nemleg høve til å ta med deg tilgangen over til andre einingar, som til PressReader-appen på mobil eller nettbrett.  NB: Dette krev lik pålogging begge stader (til dømes pålogging med same e-postadresse og passord).