I heile veke 27 er det mogeleg å sjå framsyninga “Heavykatten går digitalt” her på nettstaden vår. Ein feiande flott og festleg video basert på bøkene om Heavykatten.

Forfattar Roald Kaldestad har skrive fleire bøker om Heavykatten, katten som elskar skikkeleg heavy musikk.
Bli kjent med Heavykatten og forfattaren i Heavykattvideoen.
Roald Kaldestad (fødd 1972) er ein vestnorsk barnebokforfattar, låtskrivar og gitarist. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Han har skrive fleire bøker og forteljingar etter dette. Heavykatten har også gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste. Som musikar har Kaldestad samarbeida med artistar som Odd Nordstoga og Sigrid Moldestad.
Framsyninga er i samarbeid med Bibliotekutvikling Vestland.