Sommarles er over for i år, men for ein flott lesesommar det vart! I Stryn deltok 295 barn i år, og dei las smått utrulege 5549 bøker fordelt på 610 628 sider. Det er mykje god lesing det! Vi er veldig stolte over dei, og håpar dei har hatt mange gode leseopplevingar som kan ta med seg vidare over i bokhausten! 🙂
 
Vi fekk ikkje arrangert Sommarlesfest i år, men i heile september kan barn som har vore med på Sommarles komme innom biblioteket og hente seg ein is og ein diplom som viser kva dei har lest. I tillegg veit vi at det er fleire som ikkje har henta alle premiane sine, så det kan også gjerast ut månaden.
 
Denne veka trekte vi ut litt ekstra premiar som vi vanlegvis pleier å trekke på Sommarlesfesten. Vi hadde nettbrett, høgtalarar, ekstra store steinar og haitenner, kinobillettar frå Stryn kulturhus og mange flotte bøker. Vi kontaktar vinnarane av desse på telefon 🙂