Laurdag 1. juni byrja Sommarles. Dette er biblioteka sin eigen lesekampanje og den er open for alle barn i 1. – 7. klasse. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. I fjor deltok 398 barn frå Stryn og dei las ca 450 000 sider! Vi håpar på endå fleire i år.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

– Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august. Hugs at dei som byrjar i 1. klasse til hausten også kan vere med.

– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

-Laurdag 7. september kl. 12 blir det Sommarlesfest på biblioteket der alle som har vore med blir inviterte. Det blir trekt ut flotte premiar.