Tusen takk til alle dykk som har vore med på Sommarles med oss i år! Vi håpar de har hatt det like kjekt som oss. I år kan vi ikkje ha noko sommarlesfest, men alle som har vore med skal få seg diplom og is. I tillegg til at vi skal trekke ut nokre premiar.

Frå 1. september til 1. oktober kan alle sommarlesdeltakarar komme innom biblioteket og hente seg ein diplom og is. Heilt i starten av september vil vi også trekke ut ein del fine premiar, der hovudpremien er eit nettbrett, blant alle som har vore med på Sommarles i år. Dette vil vi legge ut meir informasjon om på facebooksida vår. Vi kjem også til å ta kontakt med vinnarane.

Vi håpar at de alle vil vere med neste år også!