Biblioteket har over 40 tidsskrift som vi låner ut. Lånetida på tidsskrifta er 14 dagar. Stort sett kan ein ikkje låne med seg siste nummer heim, men det er nokre unntak. T.d. kan ein låne med seg siste nummer for tidsskrifta for barn og unge

Tidsskrifta på biblioteket:

  • Aftenposten historie. Gjev innsikt i norsk historie og verdshistorie.
  • Aftenposten innsikt. Aktualitetsmagasin som kjem ut kvar månad.
  • Aftenposten junior. Ei riksdekkande avis for barn i skulealder. Plassert i barneavdelinga.
  • Altså. Feministisk dameblad. Plassert i ungavdelinga. NYTT!
  • Apollon. Populærvitskapeleg forskingsmagasin frå Universitetet i Oslo. Plassert i ungavdelinga.
  • Bil autofil. Bilmagasin.
  • Bonytt. Noreg sitt største bustad og interiørmagasin.
  • Dine penger. Magasin om forbruk og økonomi.
  • Donald Duck. Teikneserieblad gjeve ut kvar veke. Plassert i barneavdelinga.
  • Familien. Noreg sitt største handarbeidsblad.
  • Folkemusikk. Magasin for folkemusikk og folkedans.
  • Foreldre og barn. For deg med barn 0-6 år.
  • Framtida junior. Nynorsk nyhende og debattavis for unge. Plassert i barneavdelinga.
  • Hjemmet. Noreg sitt største vekeblad.
  • Hytteliv. Organ for Norges hytteforbund.
  • Illustrert vitenskap. Populærvitskapeleg tidsskrift.
  • Jakt og fiske. Gjeve ut av Norges Jeger og fiskeforbund. Inneheld fagstoff innan jakt, fiske og friluftsliv.
  • Josimar. Tidsskrift om fotball. Plassert i ungavdelinga.
  • Kamille. Norsk vekeblad som kjem ut kvar fjortande dag. Målgruppa er kvinner frå 28 år og eldre. NYTT!
  • Kjelda. Fylkesdekkande magasin for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane.
  • Kyrkjeklokka. Vert gjeve ut av Kyrkjeklokka bladlag. Eigar er sokneråda i Indre Nordfjord.
  • Lev Landlig. Magasin for alle med sans for landleg livsstil, interiør, mat, hage mm.
  • Lokalhistorisk magasin. Meldingsblad for landslaget for lokalhistorie. Plassert i lokalhistoriske rommet.
  • Maison mat og vin. Eit magasin for mat og vinglede, til kvardag og fest.
  • Mat fra Norge. Magasin om norske spesialiteter i matvegen. NYTT!
  • Minerva. Tidsskrift for politikk, samfunn og kultur.
  • National Geographic. På engelsk.
  • Nemi. Teikneserieblad som blir gjeve ut kvar månad. Namn etter hovudpersonen Nemi. Plassert i ungavdelinga.
  • Norsk barneblad. Eit blad for barn på nynorsk. Kjem 11 nummer kvart år. Plassert i barneavdelinga.
  • Norsk hagetidend. Medlemsblad for Hageselskapet.
  • Norsk husflid. Medlemsblad for Norges husflidslag.
  • Pegasus. Om fantasy, sci-fi, laiv, miniatyr rollespel, data, film, teikneseriar, brettspel, kort. Plassert i ungavdelinga.
  • Pensjonisten. Noreg sitt største magasin for eldre.
  • Pondus. Norsk teikneserie skrive av Frode Øverli. Plassert i ungavdelinga.
  • Psykisk helse. Inneheld nytt fagstoff, forskning mm. om psykisk helse.
  • Prosa. Litterært tidsskrift for sakprosa. NYTT!
  • Rom 123. Blad for deg som er interiørinteressert og likar å gjere ting sjølv.
  • Samtiden. Allmennkulturelt tidskrift om kultur og politikk i Noreg.
  • Shape Up. Noreg sitt største treningsmagasin.
  • Språknytt. Språkrådet sitt blad for alle språkinteresserte.
  • Syn og segn. Tidsskrift for politikk, kultur og samfunn.
  • Time. Amerikansk nyhendemagasin som kjem kvar veke.
  • Vi over 60. Noreg sitt største magasin for godt vaksne.