Eit leseombod er frivillige som brukar av fritida si til å lese for andre som ikkje kan lese sjølv, for å gje dei eit litteraturtilbod. Dei som blir leseombod vil delta i eit nettverk av leseombod og vil få oppfølging frå biblioteket i forhold til boktips og andre spørsmål. Er du interessert i å vite meir om dette tilbodet kan du ta kontakt med bibliotekpersonalet når som helst.