Vi startar bokåret 2019 med vinterles for vaksne. Frå nyttår og fram til påske kan alle som vil hente seg eit skjema og krysse av for alle bøker som høver i skjemaet. Kvar rekkje gjev eit lodd i trekninga. Fulle skjema gjev ti lodd. Kvar bok kan berre brukast i ei rute. Dersom skjemaet blir levert inn innan 12. april kan ein vinne flotte premiar: saueskinnsfell, korg med div. påskegodt eller bokgåve. Last ned skjema her.