Har du lyst til å få ein ekstra god grunn til å lese mykje bøker i vinter? Bli med på vinterlesbingo på biblioteket! Kom på biblioteket eller last ned skjema her på heimesida og bli med i konkurransen om å vinne flotte premiar!

Fyll inn forfattar og tittel i bingorutene etter kvart som du les. Ei bok kan berre brukast i ei rute. Du kan fylle ut loddrett, vassrett eller diagonalt. Det er også mogeleg å fylle heile brettet, viss du vil det.

Viss du treng tips til kva du skal lese i dei ulike rutene, så kom gjerne innom biblioteket. Vi gjev boktips og vil jamleg lage utstillingar med bøker som høver i bingorutene.

Vinterlesbingo varer frå 1. desember – 31. mars 2020. For å vere med i trekninga av premiar må skjermaet leverast til biblioteket innan 1. april.

Konkurransen er for deltakarar over 12 år.