Kva skjer
Digitalt foredrag: Dei to verdskrigane med Arnt Stefansen
Stryn bibliotek
Aktuelt
Torsdag 15. okt. stenger biblioteket kl. 16
På grunn av sjukdom stenger biblioteket kl. 16 på torsdag 15. oktober. Det er mogeleg å bruke meirope bibliotek fram til kl. 23.
Les meirForbodne bøker på Stryn bibliotek
Kva har Brødrene Løvehjerte, Kristin Lavransdatter og Gender Queer til felles?
Les meirEndra opningstid måndag 28. september
Måndag 28. september held biblioteket stengt mellom kl. 12.15 og 13.45 grunna kurs for dei tilsette.
Les meirMeirope bibliotek
Ved å inngå avtale med Stryn bibliotek kan du få tilgang til biblioteket sine lokale frå kl. 7.00 til kl. 23.00 på alle vekedagar.
Du må vere minst 15 år og ha meirope-kontrakt med biblioteket, eller nytte tilbodet saman med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket
Stryn vidaregåande skule
Stryn bibliotek er skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule og er samlokalisert i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule. Hos oss kan du låne skulebøkene som du treng på Stryn vidaregåande skule. Du får lånekort hos oss når du byrjar på skulen, viss du ikkje allereie har fått det tidlegare. Dersom du ønskjer det så kan vi endre det til eit nasjonalt lånekort slik at du kan bruke det på alle bibliotek i landet. Dette kan vere praktisk, spesielt viss du har tenkt å gå vidare på skule seinare. I tillegg gjev det nasjonale lånekortet deg tilgang til fleire digitale tenester som du kan nytte på fritida og i skulearbeidet.
Velkomen til skulebiblioteket!







