Lokalhistorie

Lokalhistoriesamling i biblioteket

Biblioteket har eit eige lokalhistorisk rom. I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Stryn og bygdene rundt. På rommet kan ein også finne ca. 600 av bildene til fotograf Jens Knutsen Maurseth, som vart donert til biblioteket i 1972 og 1975. Negativa til desse bileta vart i 1992 deponert hos fylkesarkivet og her kan ein søkje i samlinga etter Maurseth. På det lokalhistoriske rom står det som er att av ei boksamling som Kristian Berge donerte til biblioteket i 1965. I tillegg er det studieplassar og pc-ar som ein bruke. Vi har ikkje lenger mikrofilmapparat, men vi har mikrofilm frå avisa Fjordingen tilbake til 1930 og Innfjordingen frå 1928-1929. 

Najonalbiblioteket sitt nettbibliotek

Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogeleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film. Her kan du søkje i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket.Via nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan ein også søkje på kva som er digitalisert om ulike tema/personar/områder. Her finn ein bøker/hefter som har vore publisert om Stryn.

Fjordingen digitalisert på nett

På Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek kan ein no finne Fjordingen digitalisert og ope tilgjengeleg for alle. Dette er eit fantastisk tilbod der ein kan søkje etter personar, stadar og hendingar som har stått i Fjordingen heilt frå 1930 til dags dato. Ver merksam på at utgåvene frå det siste året ikkje er tilgjengeleg anna enn i norske bibliotek. Du kan finne digitaliserte utgåver av Fjordingen her.

Aktuelle nettstadar for lokalhistorisk søk

Arkivportalennasjonal søketeneste på tvers av arkivinstitusjonar sine katalogar

Arkivverket – Riksarkivet og statsarkiva

Digitalarkivet – inneheld folketellingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar mm.

Digitalt museum – dei kulturhistoriske musea si formidlingsløysing for foto, gjenstandar og kunst.
Forfattarar frå Sogn og Fjordane – nettstad med artiklar om fleire hundre forfattarar med tilknytning til Sogn og Fjordane.

Slekt og data – landet si største foreining for slektshistorie

Gravminnerfinn slektningar etter år 1900.

Kulturminnesøk – finn informasjon om over 170 000 kulturminner og kulturmiljø

Lokalhistoriewiki – wiki med lokalhistoriske artiklar skrivne av frivillige
Lokalhistoriske artiklar –  bibliografisk database med registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane gjeve ut frå 1865 til i dag.

Vestland fylkesarkiv – kjelder til den lokale historia for fylket, bl.a. foto, fylkesatlas og kulturhistorisk leksikon

Minner – Minner.no er ein nettstad der museum og arkiv samlar på privatpersoner sine erfaringar, kunnskap og minner. Alle kan delta, med forteljingar, fotografi og film, som lagrast for framtida i ein felles minnebank.

Universitetsmusea sine samlingsportalar – felles samlingsforvaltningsløysingar for dei kulturhistoriske universitetsmuseum i Tromsø, Trondheim, Stavanger, Bergen og Oslo.

Gamle bilete i rekker. Eitt av bileta syner godt. Eit profilbilete av ein mann i uniform.