I biblioteket

Teaterframsyning med aktørar framme og publikum i forkant

Arrangement

På biblioteket kan du oppleve forfattarbesøk, debattar, samtalar, foredrag, teaterframsyningar og mykje meir.

Vi har nokre faste arrangement som Torsdagskringla, Språkkafe og Familielaurdag. I tillegg skjer det ting gjennom heile året. Sjå på “Kva skjer” for å finne akkurat det arrangementet du har lyst å få med deg

To personar som spelar playstation. Vi ser skjermen og kontrollane

Spelerom

Kom og spel på biblioteket.

Vi har eit eige rom som kan nyttast til speling av PS4 og Nintendo Switch. På rommet er det også to pc-ar som ein kan nytte til enkle spel på nettet. Det er mogeleg å låne kontrollar og spel av oss, og rommet er utstyrt med ein stor skjerm.

Mann som studerer med pc

Studie- og leseplassar

Treng du ein stad å jobbe i fred og ro?

På biblioteket har vi ein eigen lesesal med åtte plassar der ein kan sitte og jobbe utan støy. Ein kan ta med eigen pc, eller bruke dei tre pc-ane som allereie står på rommet. Vi har også plassar ute i lokalet med straumuttak. Heile biblioteket er utstyrt med gratis trådlaus nett: “kommunegjest”

Scanner som står på Stryn bibliotek.

Utskrift, kopi og skanning

Du kan skrive ut, kopiere og scanne på biblioteket.

Vi har eigne pc-ar som ein kan nytte til utskrift. Det er ikkje mogeleg å skrive ut frå mobil, nettbrett eller eigen pc. Skal du scanne eit dokument? Då må du ha med eigen minnepenn. Du kan ikkje scanne direkte til e-post. Vi hjelper til ved behov.

Symaskin, stoff og ei hand som arbeider med det.

Symaskiner

Skap noko nytt, redesign eller reparer gamle klede.

Vi har to symaskiner som alle kan nytte seg av. Dei står tilgjengeleg i både betent og ubetent tid på medierommet. Det er ikkje nødvendig å avtale tid, men det er førstemann til mølla. Der er tråd, saks, måleband og strykjejarn, men du må sjølv ta med stoff, mønsterpapir, knappar/glidelås, strikk etc.

Korstokk, spelebrikker og spel

Brettspel og sjakk

Vi har brettspel og sjakkbrett for både barn og vaksne.

På biblioteket har vi ei god samling brettspel som er mogeleg å bruke her på biblioteket. Vi har også eitt stort sjakkbord og fleire sjakkbrett på lager. Vi tek gjerne imot innkjøpsforslag.

Eldre mann les avis

Aviser og tidsskift

Les eller lån aviser og tidsskrift.

Hos oss kan du lese lokalavisene i nærområdet og fleire ulike tidsskrift. Tidsskrifta kan du også låne med heim. Det finst også digitale aviser og tidsskrift i tenestene Pressreader, Flipp og Nasjonalbiblioteket sin avisbase. Les meir om dette under digitale tenester.

Bøker på rekke

Bøker og lydbøker

Lån bøker og lydbøker gratis hos oss.

Biblioteket har ein bestand på fleire tusen bøker tilgjengeleg for utlån for barn og vaksne. Vi kjøper inn bøker med ein gong dei er i handel, men det kan av og til vere venteliste på dei mest populære. Er det ei bok vi ikkje har så kan vi låne den inn frå eit anna bibliotek. E-bøker finn ein i appen bookbites. Vi tek gjerne imot innkjøpsforslag.

DVD-filmar på rekke i bibliotek

Film og tv-spel

Lån med film og tv-spel heim.

Biblioteket har framleis ei stor samling med fysiske filmar og tv-spel. Vi har spelefilmar og tv-seriar for både barn og vaksne. Det er også mogeleg å låne spel til nintendo switch og playstation 4. Lånetid er ei veke på filmar og spel. Det er også mogeleg å strøyme filmar på tenestene våre filmoteket og filmbib.