Kva skjer?
oktober 2026
Språkkafe
Lærer du norsk og har lyst til å snakke norsk med andre? Er du norsk og har lyst til å snakke med folk frå heile verda? Kom på språkkafe!
Digitalt foredrag: Dei to verdskrigane med Arnt Stefansen
To krigar forma Europa og verda slik vi kjenner dei i dag. Arnt Stefansen gir eit innsiktsfullt blikk på årsakene til verdskrigane og korleis dei framleis påverkar samfunnet vårt.
Bokbad med Margreth Olin – Utan språk for kjærleik
Møt Margreth Olin til bokbad om den kritikarroste romanen Utan språk for kjærleik. Ei sterk forteljing om sorg, lengsel og motet til å elske igjen. Gratis inngang, med kaffi og kake
Familielaurdag – Halloween
På familielaurdagen i oktober er det Halloween som er tema.
november 2026
Teaterframsyning med Askeladden friteater
Velkomen til ei humørfylt og lærerik teaterframsyning med Askeladden Friteater!
Torsdagskringla: Språk og makt med Oddny Irene Miljeteig
Korleis formar språk makt og deltaking?
Møt samfunnsdebattant og nynorskforkjempar Oddny Irene Miljeteig til eit tankevekkjande foredrag.
Møt Solveig Mork Holmøyvik og Gløymeboka
Korleis fungerer eigentleg hukommelsen? Bli med på ei spennande reise inn i hjernen når Solveig Mork Holmøyvik fortel om barneboka Gløymeboka. For barn og familiar. Velkomen!
Digitalt foredrag: Forfattersamtale om den langsame tryggleiken
Kva bind oss saman som menneske og samfunn? Ina Libak og Sigbjørn Johnsen inviterer til ei tankevekkjande samtale om tillit, samfunnsutvikling og den langsame tryggleiken som veks fram over tid.
Rasisme og antirasisme i kvardagen – korleis skaper vi inkluderande lokalsamfunn?
Korleis skaper vi inkluderande lokalsamfunn?
Bli med på dialogmøte på Stryn bibliotek om rasisme, antirasisme og korleis vi kan skape trygge og inkluderande lokalsamfunn for alle. Alle er velkomne!
USA-kveld med Lahlum – På avgrunnens rand? Demokratiet, USA og tilfellet Trump
Historikar, forfattar og TV-kommentator Hans Olav Lahlum tek oss med gjennom historia til det amerikanske demokratiet og analyserer dagens USA berre to veker før eit svært viktig mellomval.
Er demokratiet verkeleg truga, og kva rolle vil Trump, Vance og MAGA-rørsla spele i åra som kjem?
Digitalt foredrag: Storbritannia på 45 minutt
Korleis kunne ei lita øynasjon få så stor innverknad på verda? I dette underhaldande føredraget tek lektor Øivind Bratberg publikum med på ei engasjerande reise gjennom britisk historie, politikk og kultur, frå Churchill og kongehuset til Beatles og det britiske imperiet. Med humor, innsikt og kjende historiske personar viser Bratberg korleis Storbritannia har sett varige ... Kva skjer?
Språkkafe
Lærer du norsk og har lyst til å snakke norsk med andre? Er du norsk og har lyst til å snakke med folk frå heile verda? Kom på språkkafe!
Vi har ingen planlagte arrangement nett no.











