Filmoteket

Den nye måten å låne film frå biblioteket!

No kan du bruke bibliotekkortet ditt til å låne og sjå film på biblioteka sin eigen filmstraumeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne, både eldre og nyare filmar. Alt frå klassikarar, Oscar-vinnarar og ”blockbustere”, til smalare kvalitetsfilmar og prislønte dokumentarar.

  • Du kan låne 4 filmar kvar månad.
  • Du kan sjå dei lånte filmane i 48 timar, på alle plattformar, i alle dei kjente nettlesarane. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.
  • Du må registrere deg på Filmoteket for å bruke tjenesten.
  • Du må ha nasjonalt lånekort.

Slik får du tilgang:

  1. Gå til www.filmoteket.no
  2. Vel Logg inn i menylinja
  3. Klikk på Registrer ny brukar.
  4. Tast inn lånekortnummer og passord. Her brukar du same passord som du brukar til å logge inn på Meg&mitt
  5. Fyll inn e-postadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du skal logge inn på Filmoteket.
  6. Du får tilsendt ein e-post som stadfestar innmeldinga. Sjekk e-posten din, og stadfest denne.
  7. Snurr film!