Digitale tenester

Her finn du oversikt over ulike digitale tenester som biblioteket tilbyr. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp!

Ein mobiltelefon med open BookBites-app. Foto.

BookBites

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Filmoteket-banner

Filmoteket

Stryn bibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Stikk innom oss om du manglar lånekort.

PressReader-banner

PressReader

Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Her får du tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk.

Logo til Flipp

Flipp

Biblioteket gir deg gratis tilgang til magasin og teikneseriar frå Egmont Publishing.

Last ned appen, logg inn med mobilnummer og valfritt passord.

Når du loggar inn i appen får du tilgang i 7 dagar. Deretter må tilgangen fornyast ved å logge på i biblioteket igjen.

Skjermdump frå landingssida til Nettbiblioteket, på https://www.nb.no/search.

Nettbiblioteket

I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.

Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Filmbib-banner

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånenummer og tilhøyrande PIN-kode.

Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.


eventyrfigurer som går ned ein bakke med logo i lufta

Lesekroken

Lesekroken er eit tilbod som er tilrettelagt for minoritetsspråklege, fleirkulturelle, to-språklege og etnisk norske. Lesekroken inneheld e-bøker og e-lydbøker med eventyr frå Asbjørnsen og Moe sine samlingar på bokmål og nynorsk, samt 21 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg. I tillegg finn de interaktive aktivitetar til eventyra.

De kan nytte publikumspassordet strynbibliotek for å logge på nettstaden.

Ein vaksen og eit barn som deler ei leseoppleving på skjerm. Foto.

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Tenesta er gratis, og du opprettar sjølv ein brukar med e-postadresse og passord.

Verdensbiblioteket er gratis å bruke og ope for alle som besøker sida frå ei norsk IP-adresse.

eventyrlege menneske mot blå bakgrunn

Lesedigg

Lesedigg er ein nettstad for barn. Her kan du sjølv finne bøker som passar deg. Prøv til dømes funksjonen “Finn ei bok for meg”.