bilde framside av bok med skog i duse fargar

Guden over skogene

Handlinga spelar seg ut i Adirondack-fjella i 1975, der den tretten år gamle Barbara Van Laar forsvinn frå den eksklusive sommarleiren som familien har på området sitt. Dette mysteriet blir knytt til ein tidlegare tragedie i familien, og i boka går vi fram og tilbake i tid, etterkvart som den  følgjer dei ulike personane i boka.

Det er først og fremst menneskelagnadane du blir opptatt av i denne boka. Det er eit rikt persongalleri, men ikkje så mange at det blir forvirrande. Du merkar at du bryr deg om mange av personane i boka og er opptatt av kva som skjer med dei.

Det er ein thriller som set att i deg etter at du er ferdig med å lese, og kan varmt anbefalast også for dei som ikkje les så mange thrillarar til vanleg, som underteikna.

Bokanbefalinga er skrive av Kristin – Stryn bibliotek

 

Kategorier: 
Boktips til vaksne