To unge gutar med klær frå 50-talet. Gull i bakgrunnen

Framsyning: Verda treng oss med Magne og Åge Grimstad

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Tvillingane Magne og Åge Grimstad inviterer til ei sterk og rørande framsyning, «Verda treng oss». Med ei unik blanding av humor, musikk og personlege historier delar de sine opplevingar som kreftpasientar og viser korleis dei har funne styrke og livslyst midt i utfordringane. Måndag 10. november kl. 19.00 kjem dei til Stryn bibliotek med framsyninga si.

Framsyninga bygger på den suksessfulle versjonen frå i fjor, som fekk god omtale i både lokalaviser og på NRK. Dei skreiv blant anna: «De fortalte nakent og ærlig om hvordan det er å leve med kreft».

Magne og Åge har sett seg eit hårete mål om å samle inn 1,2 millionar kroner til kreftforsking og hjelp for kreftpasientar. Dei har med seg eit sterkt musikalsk team beståande av Peter Demirov (piano) og Judit Grimstad (sang), i tillegg til at dei sjølv trakterar gitar og perkusjon.

Framsyninga og den påfølgjande norgesturneen har blitt godt mottatt av Kreftforeningen som håpar at mange kan bidra til innsamlingsaksjonen. I tillegg får også dei som kjem mogelegheita til å kjøpe boka «Verda treng oss» skrive av Magne Grimstad.

Det er Temakafe for kreft som er arrangør.