Digitalt foredrag: «Eg har ikkje noko å skjule» av Eystein Hanssen
Ei reise inn i korleis overvaking og teknologi formar liva våre – og kvifor vi burde bry oss.
Kva aktørar sporar deg, kva intensjonar har desse aktørane og korleis blir du påverka av dette?
I foredraget blir det gjeve konkrete tips til korleis vi kan avgrense digital sporing og overvaking.
Eystein Hanssen er forfattar og står bak to skjønnlitterære utgivingar ei sakprosabok. Hanssen har medie- og kommunikasjonsbakgrunn med fokus på tryggleikspolitikk og etterretning.
Han er erfaren i digital tryggleik og OSINT (Open Source Intelligence). Hanssen er også vald leiar i Forfattarforbundet.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks.
