Mann med venezuelansk flagg i bakgrunnen

Digitalt foredrag med Arnt Stefansen: Venezuela – bak nyhendene

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Venezuela har dei siste vekene dominert nyhendebiletet etter dei dramatiske hendingane rundt landet sin president, Nicolás Maduro. Sjølv om mange har kritisert det som har skjedd, er det få som har vist sympati med ein leiar som har styrt landet sidan 2013 – ein periode prega av økonomisk vanstyre, aukande fattigdom og hard politisk undertrykking. Dei fleste observatørar er også samde om at det var valfusk som gjorde at Maduro kunne erklære seg som vinnar av presidentvalet i 2024.

Foredragshaldar Arnt Stefansen har fulgt Venezuela tett gjennom mange år som utanrikskorrespondent og journalist i NRK. I dette foredraget set han desse dagars dramatiske hendingar inn i ein større og meir forståeleg samanheng. Han tek oss med på ei reise gjennom Venezuelas historie – frå frigjeringa frå det spanske koloniveldet, via ei konfliktfylt politisk utvikling, og fram til dagens krise.

Dette er foredraget for deg som ikkje berre vil vite kva som skjer i Venezuela – men kvifor, og er det ein samanheng mellom hendingane i Venezuela og det som skjer rundt Grønland?