Kvinne med fjell og ei bok i bakgrunnen

Torsdagskringla: Arven frå Molaupsulykka med Eli Anne Tvergrov

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

På Torsdagskringla, 5. mars kl. 19, fortel Eli Anne Tvergrov om bakgrunnen til boka  «Arven frå Molaupsulykka». Den omhandlar snøskredet som gjekk i Hjørundfjorden på Sunnmøre den 24. november 1971. Sju mann miste livet. Dette er ei av dei verste ulykkene som nokon gong har råka området vårt i nyare tid.

Eli Anne miste morfar og ein onkel i skredulykka. Hildegunn Marie Standal Dragsund (busett i Loen) mista far sin i den same. Hildegunn har vore ein pådrivar til at boka vart til.  Foredraget handlar derfor om det å gi støtte til kvarandre, i store og små hendingar som vi alle kan kome ut for.

Den 5. mars klokka 19.00 får du høyre om heile det store apparatet som set seg i sving om eit snøskred går. Det som blir fortalt er verktøy og ei hjelp for å forstå og handtere, om noko liknande hendte i dag.

Saman med Møre og Romsdal Røde Kors, har Eli Anne Tvergrov gitt ut boka. Inntektene går uavkorta til vidareutvikling av lokal, frivilleg vinterberedskap. Formålet har no passert 400.000 kroner og går i 2026 blant anna kurs til dei som skal hjelpe når katastrofen råkar.