Torsdagskringla med Endre Lunde: Med Fridtjof Nansen i Stryn
16. juni 1929. Heile Stryn står på hovudet. Fridtjof Nansen, fredsprisvinnar, polfarar og professor kjem på besøk. Fedrelandslaget har no starta sin operasjon for å samle den borgarlege sida mot det farlege Arbeidarpartiet. Organisasjonen reiser landet rundt for å agitere og spreie sin bodskap. Nansen er ein av medstiftarane av Fedrelandslaget. Sju av desse samlingane er større enn andre – dei blir kalla Nansenstemne. Og ein av dei plassane som er blitt plukka ut til å vere vertskap for eit slikt stemne, er Stryn.
Endre Lunde, lektor på Stryn vidaregåande skule, som vi har hatt gleda av å ha på besøk to gongar tidlegare med foredrag som har begeistra alle tilhøyrarane, kjem til Torsdagskringla på biblioteket 5. februar.
På føredraget blir det to hovudtema:
- Dagane 15. og 16. juni 1929 i Stryn (Fedrelandslaget og Nansen)
- Stryn anno 1929: Kvifor vel Fedrelandslaget å legge eit av sine store stemne til akkurat Stryn?
I alt blir det eit lite tilbakeblikk på det som kanskje har gjort Stryn til akkurat Stryn.
Gratis inngang og servering av kringle og kaffe.
