Familielaurdag
Velkomen til ein ny og triveleg familielaurdag på biblioteket! Denne gongen inviterer vi store og små til ein kreativ formingsverkstad der hovudtema blir Vinter og Dyr. Her kan barna lage gåver, kort og små kunstverk dei kan ta med heim og glede nokon dei er glad i.
Vi legg fram fleire ulike aktivitetar som passar for både yngre og eldre barn, og verkstaden vil vere open heile arrangementet slik at du kan kome og gå som det passar. I tillegg viser vi kl. 12.30 barnefilmen “Flow”. I denne animasjonsfilmen for både store og små legg ein katt ut på ei fantastisk reise gjennom ei oversvømt verd på søk etter tørt land. Filmen varer i 1 t og 24 min.
Ta med deg heile familien og bli med på ein hyggeleg og kreativ dag på biblioteket!
