Mann med blomstrete bakgrunn

Torsdagskringla: Krigens reglar og folkeretten med Magne Wathne

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek
Kva er dagens gjeldande reglar for krigføring? Korleis har disse reglane blitt til og utvikla seg? Kor kan ein leite fram informasjon når det skjer ting, og ein lurer på lovlegheita av disse handlingane?
Kva lover gjeld i dag? Kvifor er oppfølging av hendingar og lovbrot ikkje alltid beint fram, og kvifor er krigføringsreglar verdt å halde på?
Verda er fullstendig endra på kort tid, og «den regelbaserte verdsordninga» er under sterkt press, om ikkje også allereie forlatt.
Foredraget vil gje eit omriss av hovudprinsippa for lovleg krigføring og avgrensinger som finst av krigføringsmetoder. Målsettinga er å gje eit grunnlag for å kunne vurdere utspel, medierapportering av hendingar og valdsbruk, og sjølv å kunne vurdere jusaspektet av aktuelle konflikter og valde handlemåtar. Det er og eit mål å syne at innan jusen er ikkje alt alltid beint fram svart eller kvitt; det kan finnast område for vurderingar, gråsoner og område som ikkje er dekka av noverande jus, eller at lovverk kan vere utdatert.
Foredraget vert ved Magne Wathne, i Stryn mest kjend som dyrlege og no tilsett i Mattilsynet. Før veterinærhøgskulen tok han utdanning i Forsvaret, og har til saman fleire års teneste der. Han har kursing og utdanning i krigens folkerett, både frå Forsvaret og sivilt.