Jente, og to vaksne som held rundt ein jordklode

Familielaurdag på biblioteket – berekraftveka

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Velkomen til familielaurdag på biblioteket! I samband med berekraftveka inviterer vi til ein kjekk og kreativ dag for barn og vaksne saman.

Det blir aktivitetsverkstad der vi lagar nye ting av gamle materialar – mellom anna av kasserte bøker. Barna kan byggje, skape og utforske, og lære korleis små val kan gjere ein forskjell. Vi inviterer også til rebusløype i biblioteket og viser film på storskjerm.

Filmen vi viser er «Eiketreet og dyrene som bor der» – ein fin film der barn og vakse saman kan ha ei roleg stund saman og nyte dei vakre naturbilda og den flotte musikken. Lenke til trailer

Arrangementet er gratis, og det er mogleg å kome og gå undervegs.

Kom og marker berekraftveka saman med oss – gjennom leik, lesing og kreativitet