Dokumentarvising i berekraftveka: Ilden, vannet, jorden, luften
I samband med berekraftveka viser vi dokumentarfilmen Ilden, Vannet, Jorden, Luften på biblioteket.
Filmen er ei poetisk og tankevekkjande reise gjennom klimaendringar i Noreg og Norden. Gjennom møte med heilt vanlege menneske i lokalsamfunn som er råka av brann, flaum, storm og skred, viser filmen korleis klimakrisa ikkje lenger er noko fjernt – ho er her.
Med både vitskap og kvardagsliv i fokus fortel filmen ei håpefull historie om fellesskap, naboskap og evna vi har til å stå saman når krisene kjem tett på. Ilden, Vannet, Jorden, Luften minner oss om at den viktigaste beredskapen vi har, er kvarandre.
Lengde: 90 min.
Gratis vising. Velkomen!
