Mann og kvinne foran åker med spade

Beredskapshagen – slik får du mat ut av plenen

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Korleis kan du dyrke meir av maten din sjølv, og kva kunnskap frå tidlegare generasjonar kan vere nyttig i ei tid der matberedskap blir stadig viktigare?

Tysdag 15. september får vi besøk av Anders Nordrum, gartnar, pedagog og medgrunnleggjar av Datsja AS. Saman med kona Barbro Nordrum har han i fleire år formidla kunnskap om kjøkkenhagedyrking, sjølvberging og lokal matproduksjon gjennom blogg, kurs og foredrag.

Foredraget tek utgangspunkt i boka Beredskapshagen – slik får du mat ut av plenen, som Anders og Barbro gav ut saman med dottera Maria i 2021. Her deler dei erfaringar og praktiske råd om korleis vanlege hagar kan bli omgjorde til produktive kjøkkenhagar.

Gjennom foredraget får du ei enkel innføring i dyrking og lagring av ulike grønsaker, jord og jordliv, og korleis du kan byggje opp ei fruktbar jord med enkle og lokale ressursar. Nordrum vil òg trekkje fram verdien av tradisjonell kunnskap og korleis denne kan styrkje den lokale matberedskapen i krisetider.

Sidan det er kvitløksfestival på Beitostølen helga før arrangementet, og boka Hvitløksdyrking i Norge er nyutgjeven då, vil foredraget også innehalde tips og råd om dyrking av kvitløk under norske forhold.

Vel møtt til ein inspirerande kveld for alle som er interesserte i hage, dyrking, berekraft og matberedskap!

Gratis inngang.

Mann og kvinne foran åker med spade

Fotograf: Øystein Klausen

Mann som dyrker purre

Fotograf: Bård Bårdløkken

Bok med plante foran

Fotograf: Bård Bårdløkken