Torsdagskringla: Forfattarmøte med Margaret Heldor

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Velkomen til ein spennande kveld på Stryn bibliotek med forfattar Margaret Heldor, som er fødd i Oslo og busett i Stryn. Heldor vil fortelje om den gripande boka si, basert på dagbøker, brev og unikt kjeldemateriale frå andre verdskrigen.

Då forfattaren si mor, Lill-Margareth Hummel Erichsen, gjekk bort, etterlet ho seg seks dagbøker og ei oppmoding om at innhaldet kunne vere viktig for ettertida. Saman med brevvekslinga med vennen Gustav, som sat i fangenskap i konsentrasjonsleiren Buchenwald under krigen, danna dette grunnlaget for ei heilt spesiell forteljing.

Vi følgjer Lill frå den dramatiske dagen 9. april 1940, då ho som 17-åring blir send heim frå skulen medan det tyske angrepet på Noreg er i gang. Gjennom krigsåra blir ho vaksen, og gjennom imaginære samtalar mellom den unge og den aldrande Lill og dottera hennar, forfattaren, møtest fortid og notid på ein tankevekkjande måte.

Boka gir eit nært og personleg innblikk i livet under krigen, og løfter fram både mot, vennskap og dei vanskelege vala menneske stod overfor. Med unikt kjeldemateriale og levande skildringar er dette eit sterkt vitnesbyrd frå ei ung kvinne sine formative år under den andre verdskrigen.

Arrangementet passar for alle som er interesserte i historie og sterke personlege forteljingar.