Digitalt arrangement: Sjakkens historie med Torstein Bae
Eit føredrag for alle med interesse for sjakk – også for deg som ikkje kan reglane!
Torstein Bae er Noregs ubestridde sjakkstemme og den fremste formidlaren av spelet her i landet. No rullar han opp det store lerretet, med sjakken si reise gjennom 1500 år som bakteppe.
Du får høyre om vikingane sine brutale spel og kvifor dronninga dominerer brettet medan kongen gøymer seg i hjørnet. Det blir historier om juks, geni, katastrofale tabbar og konspirasjonsteoriar. Og sjølvsagt om det eventyrlege tusenåret med verdsmeisteren frå Lommedalen.
Med sitt sedvanleg gode humør tek Torstein Bae deg med inn i eit univers av merkelege skikkelsar og meisterlege trekk.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks
