Digitalt foredrag: Dei to verdskrigane med Arnt Stefansen
Dei to verdskrigane
To krigar endra Europa og verda for alltid. I dette føredraget tek Arnt Stefansen, mangeårig utanrikskorrespondent i NRK, publikum med gjennom hendingane, avgjerdene og menneska som førte til dei to verdskrigane, og viser korleis etterverknadene framleis pregar Europa i dag.
Føredraget er eitt av fem i ein serie om historia til Tyskland og Europa, og passar for alle som ønskjer å forstå korleis fortida har forma verda vi lever i.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks
