Vi viser Kong Harald si gravferd på storskjerm
Onsdag 9. september vil vi vise gravferda til Kong Harald V direkte på storskjerm i biblioteket. Sendinga startar kl. 12.00 med prosesjonen frå Det kongelege slott, medan sjølve gravferdsseremonien i Oslo domkyrkje tek til kl. 13.00.
Vi inviterer alle som ønskjer å følgje den historiske og høgtidelege markeringa til å vere saman i biblioteket denne dagen. Her kan du ta del i ei felles markering av avskjeden med Kong Harald.
Foto: Øivind Möller Bakken / Det kongelige hoff
