Dame med lyst hår og mørk skjorte på brun bakgrunn

Historia bak 1178 netter- digitalt foredrag med Marte Spurkland

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annankvar måndag kl. 11-12 kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Korleis kan ei 13 år gammal jente bli tvangsgifta i Oslo, og korleis blir livet hennar forma av æreskultur og familiepress? Dette er historia om Daniella, som levde som gift tenåring i tre år før ho flykta og varsla norske myndigheiter. Det som følgde blei ei av Noreg sine mest alvorlege tvangsgiftesaker, med fengselsstraffar til fleire familiemedlemar og eit liv i skjul for Daniella.

I dette foredraget deler Marte Spurkland innsiktene frå arbeidet med si siste bok, 1178 netter. Gjennom Daniella si historie belyser Spurkland ikkje berre realitetane i æreskulturen, men også kva saka seier om det norske samfunnet. Marte Spurkland, kjend for bøkene sine Klassen og Pappas runer, er ein anerkjent sakprosaforfattar, journalist og programleiar som skapar engasjement rundt viktige samfunnsspørsmål.