Krig og pandemi i Europa
Foredrag med Roger Bruland
Med NRK mikrofonen tett til brystet i uvær, flyalarmar og med flammande nynorsk, har vi fått innblikk i gode og særs utfordrande tilstandar i Midt-og Aust-Europa. Roger Severing Bruland er frå Utvik i Stryn og har dei siste 15 åra arbeida for NRK. No er han Europa-korrespondent og har det siste året mellom anna gitt oss nyhende frå Ukraina. Han mottok Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2022 for bruk av nynorsk i media, og er eit føredøme for andre i å uttrykke seg med ei eiga dialekt. No kjem han på turne med eit foredrag om kvardagen som Europa-korrespondent, og korleis han med sine erfaringar kan gje eit bilde av Europa i dag.
Arrangementet er ein del av BibliotekVEKA 2023. Dette arrangementet er gratis og ope for alle. Vi trur dette vil vere eit veldig populært foredrag og vil tilrettelegge med så mange plassar som mogeleg. Biblioteket plass til omlag 100 stk +/-, og det blir “førstemann til mølla”.