Bilde i svart kvitt av mann

Historia om eplet – digitalt foredrag med Torolf Kroglund

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Kva har Kazakhstan sine fjell, Bibelen sine freistingar og norrøn mytologi til felles? Eplet har gjennom tidene vore mykje meir enn berre ein frukt – det har vore eit symbol på kunnskap, freisting og evig liv. Frå sitt opphav i Almaty i Kasakhstan har eplet følgd menneskeheita si ferd vestover, og i dag er det den mest populære frukta i verda.

Bli med på ei fasinerande reise i eplet si historie, kor mytologi, religion og kultur blir fletta saman. Foredragshaldar Torolf E. Kroglund, litteraturvitar, tidlegare kultursjef og forfattar av fleire dokumentarbøker, gjev deg eit unikt innblikk i eplet si lange og spennande reise. Den nyaste boka hans om eplet kom ut hausten 2024.