Mann med briller kledd i svart med svart bakgrunn

Året 1936 då alt skjedde. Digitalt foredrag med Sven Egil Omdal

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Kva har 1936 med 2025 å gjere? I dette foredraget får du innblikk i året då Hitler braut Versailles-traktaten, den spanske borgarkrigen starta, og Noreg vekte sinne både i Berlin og Moskva. Eit år full av politisk feigheit, ideologisk prøvesprenging og merkelege rettsakar om å snakke med dei døde. Lær kvifor 1936 var eit avgjerande vendepunkt som framleis kastar skyggar inn i vår tid.

Føredragshaldar: Sven Egil Omdal er journalist, tidlegare redaktør og forfattar av ei rekkje med kritikarroste sakprosabøker. Han har leia både norsk journalistlag og Pressens faglige utvalg og er tildelt Gullpennen frå Riksmålsforbundet.

Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!