Mann, Arill Riise, i mørk dressjakke framføre stor bygning

Arill Riise om Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Onsdag 19. februar kl. 19, er vi glade for å få besøk av Arill Riise som skal halde eit foredrag basert på boka si “Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta”

Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.

I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Vi ser fram til å høyre historier frå denne interessante boka som har vore blant dei mest utlånte og etterspurde bøkene på biblioteket sidan den kom ut i haust.

Bokomslag Der ingen var einsam