
Årstidene – naturens under. Digitalt foredrag med Vibeke Riiser-Larsen
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Kvifor flyr trekkfuglane eigentleg sørover om hausten? Kvifor syng nattergalen så vakkert når den kjem tilbake eit halvt år seinare? Kvifor blomstrar blåveisen så tidleg, og kvifor er humlene så store om våren? Korleis får piggsvinet para seg? Kven har eigentleg den lengste penisen? For ikkje å snakke om: Kvifor finst det eit dyr som et sin eigen hjerne?
Livet vi ser rundt oss har ei utruleg evne til å tilpasse seg miljøet og dei evige skifta mellom vår, sommar, haust og vinter. Bli med på ein guida tur gjennom årstidene, og lær om artane sine forunderlege overlevelsesstrategiar.
Vibeke Riiser-Larsen er sakprosaforfatter og har vore delaktig i fleire utgivingar, blant anna årstidene som er utgangspunktet for dette foredraget.