Dame i blå jakke med blomstra i bakgrunnen

Boklansering Ni løgner og jakta på eit smil av Marthe Holien Bø

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Torsdag 12. oktober kl. 12 blir det boklansering av Marthe Holien Bø si nyaste bok Ni løgner og jakta på eit smil, som kjem ut på Samlaget 9. oktober. Marthe Holien Bø, som bur på gard i Stryn og er utdanna medievitar og yogaterapeut, gav i 2018 ut boka Kyss hverdagen- tilstedeværelse i praksis. Boka fekk gode salstal og omtale, og no er Marthe Holien Bø klar med si første barnebok.

Klara og mamma er på garden til bestemor. Men ting er ikkje som dei har vore før, no når bestemor ikkje er her lenger. Mamma ligg berre på sofaen og grin. Men utanfor er sommaren lys og varm og grøn, og Klara vil jo eigentleg berre vere ute og leike! Ein dag møter ho ein gut nede på kaien, Pelle. Dei blir raskt vener, og Pelle påstår at han kan hjelpe Klara med å få mora glad igjen. Han har ein genial plan, seier han. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill? Kvifor klarer ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er? Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga. (Bokomtale frå Samlaget)

På biblioteket denne dagen blir det møte med forfattaren sjølv, og ho vil også fortelje og lese frå boka. Det blir aktivitetar for born, kake, og ikkje minst mogelegheit til å kjøpe signert bok. Vi gler oss stort over at Marthe Holien Bø legg boklanseringa si til biblioteket, og ser fram til dette arrangementet!

Framside bok. Jente med mørkt hår ser tenkande ut

Foto: Samlaget